Quantcast
Channel: Kommentarer til: Obskurantismen
Viewing all articles
Browse latest Browse all 25

Av: Ingvar Åberge

$
0
0

Eg burde nok vera litt meir presis. Elster sitt punkt nummer 1 har vel i grunnen samfunnet som føresetnad, så nei, den typen obskurantistisk argumentasjon møter ein nok ikkje i klimadebatten. Derimot argumentasjon i samsvar med punkt 2, den møter ein ofte. Då i den forma at alarmistiske forskarar både slær fast at «noko må gjerast» at «konklusjonane er eintydige» med vidare, men samtidig innrømer at kunnskapen enno er mangelfull og at me ikkje veit sikkert kva som forårsakar kva slags klimaendringar.
Punkt 3 er eigentleg også så samfunnsrelatert at det er lite relevant i klimadebatten, men det er faktisk klimaskeptikarane som av og til tyr til denne typen argument. Ein del klimaskeptikaar har kome opp med kreative forslag til kva ordet «drivhusgass» eigentleg tyder.
Punkt 4 er litt verre å vurdera. Det er ein slags analogi til dette i klimadebatten, og det er i form av dårleg fagleg grunngjevne assosiasjonar mellom enkelthendingar i klimasystemet og generell gobal oppvarming. Ein knyter saman to ting utan å ha eigentlege argument for at det er nokon samanheng mellom dei. (Type orkan – oppvarming).
Punkt 5 er erketypisk i klimadebatten. Er ein klimaskeptisk, så er ein nok for glad i sitt komfartable liv til å innsjå alvoret i situasjonen. Kanskje er ein kjøpt og betalt av oljeindustrien og sannsynlegvis er en også ein irrasjonell konspirasjonsteoretikar. Argumentasjon ad hominem, det er det punkt 5 handlar om.
Elles til innspelet frå Nadir Zenith: Det er dessverre ikkje alltid at det er folk utanfor vitskapen som gjer mest for å forkludra debatten. Det er når vitskapsfolka tek på seg den politiske hatten at dei verste tilfella av fordreia saksframstilling kjem.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 25