OK. Då kan eg koma med ein heilt annan kommentar som kanskje er å avspora saka litt, men som likevel er høgst relevant:
Dessverre har obskurantismen også slege rot innan ei grein av naturvitskapen. Det er den delen av klimavitskapen som handlar om å åtvara mot menneskeskapt global oppvarming. Argumentasjonen presentert av desse forskarane har alle trekka av obskurantisme som Elster listar opp for oss.
Men ytterlegare dessverre er også ein god del av den klimaskeptiske retorikken ganske så sterkt influert av obskurantisme…
Eg har berre eitt forsvar for dei useriøse klimaskeptikarane her: Det var alarmistane som byrja, og hovudansvaret for at klimadebatten går på eit så lågt nivå må liggja hjå den parten som har dei største økonomiske ressursane og held dei viktigaste offisielle posisjonane i debatten.